17. mai i vakkert vårver

Sunnylven Idrottslag var arrangør av 17. mai-feiringa i Sunnylven der svært mange deltok. Den fine vårdagen samla mykje folk i Hellesylt.
Fredrik Stadheim – 19.05.2009 22:46:46
Nasjonaldagen var ferdig pynta frå naturen si side i år. Grøne bøar og lauvskog, kvitkledde fjelltoppar og sol frå blå himmel. Nesten ein sommardag på 17. mai.
Feiringa i Sunnylven starta med gudsteneste i kyrkja ved sokneprest Svein Runde, men før det var det ei kort markering ved minnetavla over dei falne i siste krig. Som vanleg var det elev frå 10. klasse ved skulen, i år Asbjørn Kvam Karbø som la ned blomar.
Mange, både unge og eldre slutta seg til folketoget frå kyrkja om Hægstad Gård til Sunnylven omsorgssenter og tilbake til samfunnshuset. Sunnylven skulekorps under dirigent Trond Otto Berg bidrog sterkt til ei vellukka feiring med korpstonar både i kyrkja, i folketoget og under festen på samfunnshuset.
Aktive var også barnegruppa i HUL som leika og dansa både for pensjonærane på omsorgssenteret og under programmet på samfunnshuset.
Talen for dagen var det elevar frå 10. klasse som stod for. Ei fin tale der dei var innom tema som historikk, tradisjonar og fellesskap.
Til slutt kunne leiar i 17. mai komiteen, Knut Dag Langeland overlate scena til to unge dansarar, Ingeborg Langeland og Lars Kvam Karbø som framførte sin danseversjon til den norske Grand Prix- vinnaren Fairytale.