Best likt av kundane

Liv Jorunn Sporstøl med prisdiplomet som beste butikk i region Møre etter kundeundersøking saman med Svein Sporstøl og Astrid Taraldset.
Liv Jorunn Sporstøl med prisdiplomet som beste butikk i region Møre etter kundeundersøking saman med Svein Sporstøl og Astrid Taraldset.

Spar Ringdal & Co på Hellesylt vart på landsmøte på Gardermoen i april tildelt prisen som beste butikk i region Møre. Utmerkinga kom overraskande, men var svært gledeleg, seier Liv Jorunn og Svein Sporstøl ved butikken på Hellesylt.


Fredrik Stadheim – 15.05.2009 08:30:59

I Spar Norge si kundeundersøking fekk Ringdal & Co, Hellesylt høgast poengsum av alle dei 60 butikkane innan Spar-kjeda i region Møre. Kundane vart invitert til å svare på ei lang rad spørsmål, om til dømes personale og kundebehandling, vareutval, opningstider og liknande, og her kom altså butikken på Hellesylt best ut.

-Det var stort og overraskande at lille vi skulle få ei slik utmerking. Det er ei oppmuntring vi set stor pris på, for vi strevar heile tida for å gjere vårt beste for kundane, seier Liv Jorunn Sporstøl som mottok prisen på Gardermoen, eit innramma diplom og ein gåvesjekk.
Glad for prisen er også Svein Sporstøl. Han takkar kundane for støtten før han legg til;
-Også våre tilsette som jobbar i butikken, Astrid Taraldset, Hanna Kristine Aaland og Borghild Sporstøl må ta sin del av æra for prisen. Undersøkinga viser at kundane er bra fornøgde med oss, så no legg vi oss i selen for å bli best også neste år.

Leiar i Hellesylt Vekst, Inge Hole er mellom dei som gratulerer.
-Fantastisk flott at ein butikk på Hellesylt får ein slik pris. Det må vere ein inspirasjon for alle som jobbar bak disken til å stå på vidare. Butikken har nyleg blitt opprusta og det er positivt at det blir satsa. Bygda med alle sine turistar treng moderande butikkar med hyggeleg betjening, seier Inge Hole.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info