Cruiseturistar i land på Hellesylt

Søndag 10. mai sette cruiseskipet Aida Aura på land kring 150 passasjerar på Hellesylt. Dei fleste gjekk om bord i ventande bussar, medan nokre la ut på tur på sykkel.
Fredrik Stadheim – 10.05.2009 10:44:57
Foto: Arne Inge Tryggestad.
To busslaster køyrde til Briksdalen og to til Grotli for lunch. Då Geirangerfjellet enno ikkje er ope etter vinterstenging, blir det retur til Hellesylt og ferje til Geiranger seinare på søndag.
Kring 20 turistar frå båten var på sykkeltur.

