Fekk støtte til trivselstiltak

Bygdemobilisering på Hellesylt har gjennom styringsgruppa invitert alle ”grendene” på Hellesylt til å delta i eit prosjekt som vart kalla ”Grendeutvikling 2009”.

Prosjektet gjekk ut på at det skulle søkjast om midlar til ”trivselsfremjande tiltak” i dei ulike grendene basert på lokale idédugnadar. Det kom inn 10 gode søknadar og styringsgruppa har vedteke at desse prosjekta skal få støtte i 2009:

(Lista er i tilfeldig rekkefølje.)
1: Hellebostad – Åsen: Opprusting av veg/tursti mellom Hellebostad og Åsen.
2: Tronstad : Grillhus ved Tronstad Grendahus.
3: Solveien : Sykkelbane / crossbane / lys ved leikeplass.
4: Nebbedalen: Gapahuk med grillplass og benkar.
5: Brauta/ Nedre Reset: Opprusting av leikeplass: Benkar, grilllbu , fotballmål.
Prosjekta skal vere oppstarta innan utgangen av august 2009.

Styringsgruppa takkar for alle innsendte prosjektsøknadar, og ynskjer lukke til med arbeidet med å realisere dei ulike prosjekt.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info