Lokalnytt

Finpussar på 17. mai-tale

Klare med 17. mai-tale. Frå v. May-Helen Hole, Henning Frøysa, Asbjørn Kvam Karbø, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Birte Lødøen Helset, Sondre Nybø Støverstein, Torstein Fivelstad.
Klare med 17. mai-tale. Frå v. May-Helen Hole, Henning Frøysa, Asbjørn Kvam Karbø, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Birte Lødøen Helset, Sondre Nybø Støverstein, Torstein Fivelstad.

I år blir talen for dagen under folkefesten på samfunnshuset 17. mai halde av elevane i 10. klasse ved Sunnylven skule. No finpussar dei på manuskriptet til det ærefulle oppdraget.

Fredrik Stadheim – 14.05.2009 16:39:41

Det blir ei tale om historikk, tradisjonar, kvifor vi feirar 17.mai og korleis nasjonaldagen blir feira rundt om, fortel dei sju elevane, May-Helen Hole, Birte Lødøen Helset, Henning Frøysa, Asbjørn Kvam Karbø, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Torstein Fivelstad og sondre Nybø Støverstein.
Meir frå innhaldet i den om lag ti minutt lange talen røpar dei ikkje.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info