Fyrste spadetak for trygg Ljøveg

-

Tysdag 5. mai starta arbeidet på fyrste byggesteg med rassikring av rv. 60, Ljøvegen mellom Hellesylt og Røyr. Arbeidet som blir utført av firma Lars Kveen, Stryn skal vere ferdig i år 2011.

Fredrik Stadheim – 05.05.2009 14:16:41

Det var ordførar i Stranda og leiar av samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, Frank Sve som markerte at rassikringsarbeidet var i gong. Handlinga, eit fyrste spadestikk, var meir av symbolsk art, men ei markering av at arbeidet med å fjerne fleire tusen kubikkmeter gråberg var i gong.

Fyrste av tre byggesteg
Markeringa fann stad der påslaget for den nye tunnelen blir. Fleire media , både dagsaviser og TV Sunnmøre var representert då Oddbjørn Pladsen frå Vegvesenet ynskte vel møtt. Det var eit stort og viktig vegsamband som no skulle utbetrast, sa Plassen
Det fyrste av tre byggesteg er kostnadsrekna til 228 mill. kroner og omfattar utviding av krysset i Helgesvingen og utviding av veg fram til ein ny 1200 meter lang tunnel.

Skåla i champagne
Oddbjørn Pladsen hadde med ein flunkande ny spade som han overrekte ordførar i Stranda Frank Sve. Med den tok Sve det fyrste spadestikket som markerte at arbeidet var i gong.
Ordføraren var stolt over at rassikring av rv. 60 endeleg var i gong. Ein stor dag for kommunen, for innbyggjarane og for dei som brukar vegen, sa ordføraren mellom anna. Og for å markere litt ekstra feiring av hendinga delte han ut alkoholfri champagne i ein skål saman med ansvarlege for prosjektet.

Dagleg leiar i Hellesylt Vekst, Inge Hole var samd med ordføraren i at det var ein stor dag for mange, og såg fram til at arbeidet stod ferdig i 2011. Han ønskte alle involverte lukke til med arbeidet.

Ventetid i samband med sprenging
Med utviding av Helgesvingen og forskjering fram til tunnelpåslaget skal heile 40.000 kubikkmeter fjell bort. Nær 90 % av dette blir nytta til bygging av rasvollar på Herdal, sa prosjektleiar Lars Helge Kveen frå Stryn. Dagleg leiar for prosjektet er Jon Gudbrand Kveen Øvre-Flo.
Det vil bli jobba lange dagar med noko ventetid for reisande i samband med sprengningsarbeid, kanskje opp til ein halv time, sa prosjektleiar Kveen. Frå andre veke i juli tek arbeidslaget felles ferie i tre veker.

Ordførar Frank Sve med alkoholfri champagne og spade, klar for å foreta markering av anleggstart. Oddbjørn Pladsen og Kristen Leganger til høgre.

Ordførar Frank Sve med alkoholfri champagne og spade, klar for å foreta markering av anleggstart. Oddbjørn Pladsen og Kristen Leganger til høgre.

 

Her blir det skåla i champagne. Frå v. Lars Helge Kveen, Jon Gudbrand Kveen Øvre-Flo, Frank Sve, Oddbjørn Pladsen, Kristen Leganger og Inge Hole.

Her blir det skåla i champagne. Frå v. Lars Helge Kveen, Jon Gudbrand Kveen Øvre-Flo, Frank Sve, Oddbjørn Pladsen, Kristen Leganger og Inge Hole.

 

Dagleg leiarJon Gudbrand Kveen Øvre-Flo og prosjektleiar Lars Helge Kveen legg nok vekk spaden, for større maskiner er på plass i anlegget.

Dagleg leiarJon Gudbrand Kveen Øvre-Flo og prosjektleiar Lars Helge Kveen legg nok vekk spaden, for større maskiner er på plass i anlegget.

Her kjem innslaget til forlenging av Strekanetunnelen

Her kjem innslaget til forlenging av Strekanetunnelen

Her kjem innslaget til forlenging av Strekanetunnelen

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info