Går inn for landingsløyve

Sakshandsamar Anders Thaule går i si innstilling til møte i Næring- miljø og kommunalteknikk inn for at TV-selskapet CBS får landingsløyve på Helsetkopen i samband med filminnspeling i juni.
Fredrik Stadheim – 27.05.2009 13:06:44
Stranda kommune har også tidlegare ved spesielle høve gjeve løyve til bruk av helikopter, sjølv om slik bruk i utgangspuntet ikkje er tillate.
TV-selskapet CBS sin søknad var spesiell i og med at det gjeld innspeling av ein 60 minutt lang film om basehopping og fjella i Møre og Romsdal, ein film som skal visast på amerikansk TV, seier Thaule.
Til møtet i NMK i morgon innstiller han på løyve til landing på Helsetkopen som omsøkt.