Hellesylt til topps

Bygda Hellesylt i Stranda kommune gjekk heilt til topps i konkurransen om prisen Utviklingsbygda 2009. Ei tildeling vi set stor pris på, seier leiaren i Hellesylt Vekst, Inge Hole.
Fredrik Stadheim – 19.05.2009 21:37:43
Det kom inn 11 gode søknader til prisen Utviklingsbygda 2009 i Møre og Romsdal. På møte i Nærings- og miljøutvalet 19. mai vart det vedteke at den aller fyrste prisen til den mest aktive og nyskapande bygda i Møre og Romsdal skal gå til Hellesylt og organisasjonen Hellesylt Vekst.
Honnør til innbyggjarane
Dagleg leiar i utviklingsselskapet Inge Hole er glad for vedtaket, men også litt overraska.
-. Det var mange gode kandidatar til prisen, for vi veit at dei jobbar godt også i andre bygdelag. Men det er sjølsagt kjekt at vi vann og at det arbeidet vi gjer blir sett pris på. Tildelinga er fyrst og fremst ein honnør til alle innbyggjarane i Hellesylt og til det samarbeid som har utvikla seg gjennom fleire lag og organisasjonar. Utan at fleire er med hadde vi ikkje lukkast, seier Inge Hole.
Det har vore eit breit engasjement, seier han og framhevar dugnadsånda som framleis er sterkt levande. Han rettar takk også til Stranda kommune og fylket for hjelp som bygda har fått både gjennom fagleg kompetanse og økonomisk støtte.
Prisen på 25.000,- kroner og eit grafisk arbeid blir delt ut under fylkestingsamling i juni.
Les meir på Møre og Romsdal Fylke sine nettsider.

