Helsa turistferja med salutt

Turistferja BF Bolsøy er tilbake på fjorden mellom Hellesylt og Geiranger. På fyrste tur fredag vart ferje og mannskap helsa velkomne med salutt på Hellesylt.
Fredrik Stadheim – 01.05.2009 21:14:41
Fredag 1. mai la Bolsøy til kai på Hellesylt for fyrste gong denne turistsesongen. Ved Åseneset var turistferja helsa velkomen tilbake med tre kraftige smell. Turistferja svara på velkomsten med tre støyt i båtfløyta.
-Det small godt og det var overraskande, men hyggeleg, sa skipper Arne Vassvik som saman med Arnold Grønning og mannskap også i år har ansvar for å føre båt og passasjerar fram og tilbake på Verdsarvfjorden på god og trygg måte.
Turistferja med byggeår 1973 har fått si årlege oppussing, og på opningsdagen var den pynta med flagg frå fremst til bakerst.
Dermed er turistsesongen i gong. Turistane hadde fått med seg dato for ferjestart på den berømte fjorden.
-Vi har hatt god trafikk den fyrste dagen, både av spanske, tyske, engelske, svenske og sjølvsagt norske reisande, kunne Vassvik fortelje.
Og vanskeleg kunne ein finne ein finare dag for opning av ferjecruise på fjorden. 1. mai var ein vårdag med sol og grøne lier og kring 20 plussgrader som førte til stor snøsmelting. Dermed også store elva og fossar, eit facinerande syn inn etter heile Geirangerfjorden. Også ei snøfonn ved innløpet til Geirangerfjorden var av attraksjonane dei reisane fekk oppleve frå ferjedekk.
Bolsøy går fire turar dagleg. I juni blir kapasiteten dobla når Vegø kjem i rute.
Ferjecruissesongen på Geirangerfjorden varer til 12. oktober.
