Lokalnytt

Helsetkopen arena for TV-program

Frå toppen av Helsetkopen. Til venstre er startplassen for basehopping. Frøysa og Frøysadal i bakgrunnen. (Arkivfoto)
Frå toppen av Helsetkopen. Til venstre er startplassen for basehopping. Frøysa og Frøysadal i bakgrunnen. (Arkivfoto)

TV-stasjonen CBS har søkt Stranda kommune om landingsløyve for helikopter på Helsetkopen. Det skal lagast eit TV program om fjell og basehopping.


Fredrik Stadheim – 15.05.2009 16:21:29

Tom Erik Heimen, Isfjorden har på vegne av CBS sendt søknad til Stranda kommune om landingstillatelse for helikopter i samband med filming i tidsrommet 15-30 juni.
Det amerikanske selskapet lagar TV programmet 60 minutt som er eitt av dei mest sette program verda over.
I Møre og Romsdal ønskjer dei å lage eit program om fjella og aktiviteten til amerikanske og norske basehopparar som er leiande innan sin aktivitet.

”Mykje av filminga vil foregå utan helikopter, men er naudsynt i nokre bevegelsar og i frakt av utstyr og folk til toppen.
CBS har gjeve uttrykk for at moglegheitene til å lage program utan flytid med helikopter vil vere vanskeleg. Av erfaring så ser eg nødvendigheita av helikoptertransport ved å laget eit TV program av høg kvalitet,” skriv Tom Erik Heimen på vegne av selskapet i søknaden.

Det blir søkt om løyve til inntil 10 landingar på Helsetkopen.
Næringsavdelinga i Stranda kommune opplyser at svar på søknaden vil kome om få dagar.

Det er luftig på toppen av den 1246 meter høge Helsetkopen. Her med utsyn til Helset og Storstein. (Arkivfoto)
Det er luftig på toppen av den 1246 meter høge Helsetkopen. Her med utsyn til Helset og Storstein. (Arkivfoto)lsre

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info