Knoppskyting på Hellesylt
Hellesylt Vekst har innleia eit samarbeid med Kunnskapsparken i Ålesund. Hensikta er å gje råd og hjelp til personar som har ein forretningside dei ønskjer å setje i verk.
Fredrik Stadheim – 29.05.2009 22:38:17
Hellesylt har spanande ting på gang. Vi har gått i samarbeid med Kunnskapsparken i Ålesund for å hjelpe personar og bedrifter som har ein ide for knoppskyting og nyetablering av arbeidsplassar.
Sett frå Hellesylt Vekst si side er dette eit forsøksprosjekt. At vi får inn kompetanse utanfrå kan vere ein fordel, for dei ser gjerne ideane som vi sjølve går og trakkar i, seier dagleg leiar i utviklingsselskapet, Inge Hole. Hole oppfordrar alle med idear/tankar om å etablere noko om å ta kontakt.
Kunnskapsparken i Ålesund har jobba med å hjelpe nye bedrifter i gong heilt frå 2002. 40 verksemder har stata opp i desse åra og skapt mellom 150 og 180 nye arbeidsplassar, fortel Oddvar Skarbø og Arne Mehl, begge rådgjevarar frå Kunnskapsparken.
Nyleg var dei på Hellesylt for tredje gong og i samtalar med fleire av dei 17 bedriftene og privatpersonane som har meldt si interesse for nyetableringar.
Skarbø og Mehl vil ikkje gå i detalj om kva prosjeka på Hellesylt dreiar seg om, men stadfestar at det er planer innan både handel, industri, landbruk og turisme. Enkelte av desse vil truleg kunne starte opp ganske snart, andre treng meir planlegging og marknadsundersøking, som til dømes å sjå på kundegrunnlaget.
-Kunnskapsparken hjelper konkret med å utforme ideen, kva er produktet ein tilbyr, kven er kundane og korleis gjere dei interessert i det ein har å tilby. Å teke felles, sjå på kvarandre som samarbeidspartnarar og ikkje konkurrentar er nyttig, seier dei to rådgjevarane som oppfordrar alle med ein forretningside om å ta kontakt.
Vi spanderer gjerne tid på å diskutere ein ide, det kostar ingen ting å ta kontakt.
Prosjektet på Hellesylt er spanande, og blir eit eksempel til etterfølgelse. Her jobbar vi systematisk og planane kan nyttast også andre stader inn mot innovasjon Norge og Siva, seier Oddvar Skarbø og Arne Mehl frå Kunnskapsparken.