Nærmar seg svarfrist for -Nyskapingen-

Ei jaktbu for hjortejakt.

Ei jaktbu for hjortejakt.

I februar vart kreative personar, unge og eldre, invitert av Næringsavdelinga i Stranda kommune til å kome med forslag til utforming av eitt eller fleire av tre konkrete prosjekt. No nærmar svarfristen seg som er 15. mai.

Fredrik Stadheim – 04.05.2009 21:52:10

Dei tre prosjektoppgåvene var:

Prosjekt 1: Kvilebenk.

Prosjekt 2: Jaktbu.

Prosjekt 3: Gapahuk.

Beste utkast blir premiert med midlar frå HOPPID-fondet, og dei ferdige resultata er tenkt plassert rundt om i kommunen.
Under lenka Bygdemobilisering på hellesylt.no ligg reglar og informasjon som er sett opp for å kome med forslag, grunngjeving for tiltaket, bruken, krav til utforming og materialval, og merking.

Alle kan delta i konkurransen. Det er ikkje krav om prototyper, men det må fylje med teikningar som kan leggjast til grunn for produksjon, og gjerne ei liste som viser materialval, mengde og ei enkel kostnadskalkyle.
Vinnarar blir kåra under sommararrangement på Hellesylt, Stranda og Geiranger, og dei beste utkasta vil få ei påskjønning på kr. 5000,-

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info