Lokalnytt

Olav Harald Ulstein med salgsutstilling

Kari Mette Ski frå Flakk Gruppen opna kunstutstillinga og overrekte blomster til Olav Harald Ulstein. Biletet i bakgrunnen har motiv frå Helsetkopen.
Kari Mette Ski frå Flakk Gruppen opna kunstutstillinga og overrekte blomster til Olav Harald Ulstein. Biletet i bakgrunnen har motiv frå Helsetkopen.

Laurdag vart salgsutstilling med måleri av Olav Harald Ulstein opna i Peer Gynt Galleriet på Hellesylt. Kari Mette Ski frå Flakk Gruppen stod for den offisielle opning av utstillinga som omfattar 21 oljemåleri og nokre i akryl.

Fredrik Stadheim – 09.05.2009 21:49:46

Olav Harald Ulstein frå Sykkylven har gjort kunstmåleri til sitt yrke. Også for to år sidan hadde han ei vellukka salgsutstilling på Peer Gynt Galleriet.
-Fleire av bileta eg stilte ut då var med motiv frå området og som var gjenkjennelege, så folk kom til Sykkylven for å høyre om eg hadde fleire bileter å selge, fortel Ulstein.
No er han tilbake og fyller utstillingslokala med både små og store kunstverk, også denne gongen med gjenkjennelege motiv.

Olav Harald Ulstein har måla i om lag 15 år og for 12 år sidan hadde han si fyrste separatutstilling. Han er sjølvlærd i det som har blitt hans yrke og i ein teknikk der han brukar berre kniv i fargelegginga.
Sjølv om det hender er det sjeldan at han lagar skisser av motivet. – Poenget er ikkje at det er fotografisk rett, seier han.
At mange av bileta til Ulstein har haustfargar i seg forklarar han slik.
–Eg likar meg i naturen og går ofte på både jakt og fisketur. På slike turar dukkar motiva ofte fram, og då kombinerer eg hobby med det nyttige med andre ord.

Kari Mette Ski ønskte Olav Harald Ulstein lukke til med salgsutstillinga i Peer Gynt Galleriet på Hellesylt og overrekte blomster frå Flakk Gruppen.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info