16. april 2026

Orienterte statsråd Kleppa

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa, her saman med dagleg leiar i Hellesylt Vekst, Inge Hole.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa, her saman med dagleg leiar i Hellesylt Vekst, Inge Hole.

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa vitja Hellesylt onsdag, men utan å bekrefte endeleg løysing om Åkernes og byggeforbodet langs Storfjorden. På Hellesylt møtte ho ordførar Frank Sve, og representantar for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal og Hellesylt Vekst.

Fredrik Stadheim  –  27.05.2009 13:02:39

 

Under møtet på Hægstad Gård fekk statsråden god orientering frå fleire om den store satsinga på reiseliv i fylket, og om Hellesylt og den positive utviklinga staden og bygda har opplevd med utviklingsselskapet Hellesylt Vekst som koordinator og pådrivar.

 

Meltveit Kleppa var imponert og veldig fornøgd med at rassikring av Ljøvegen var i gang, noko ho hadde sett frå ferjedekk då ho kom til Hellesylt frå Geiranger.

Statsråden sa at ho måtte skuffe dei som trudde at ho kom med eit svar på byggeforbodet, men det var ikkje ei sak som låg i ei skuffe.

-Arbeidet pågår for fullt, og eg gjer det eg kan for å halde ord og kome med eit svar i fyrste halvår i år, sa ho.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info

Vis alle innlegg av Gunnar Sårheim Fivelstad →