På gamal kyrkjetuft

– Her er Guds hus, her er ein himmelport. Lat det alltid vere det for alle i Sunnylven.-
Fredrik Stadheim – 22.05.2009 12:45:44
Slik opna pater Arnfinn Haram preika si på den gamle kyrkjestaden på Korsbrekke Kristi himmelfartsdag.
Kanskje meir enn 200 unge og eldre frå både Sunnylven og bygdene kring møtte fram til gudsteneste der kyrkja i Sunnylven stod frå 1220 til ho vart øydelagd av snøras i mars 1727. Ein stor bautastein markerer staden der ein trur kyrkja stod.
Gudstenesta opna med at ei felegruppe frå musikkskulen spela til inngangsprosesjonen der også eit dåpsbarne med følge var med. Sune Frøysa var det femte barnet som vart døypt på den gamle kyrkjestaden.
Til salmesongen spela ei gruppe messingblåsarar, og ungdomskoret Joyful tok del med song.
Samlinga på Korsbrekke var eitt av fleire arrangementa i høve 150-års jubileet for Sunnylven kyrkje. Pater Arnfinn Haram med slektsrøter på Stranda heldt preika.
– Eit kyrkjejubileum er meir enn tida som er gått, det er fyrst og fremst å sjå framover. Den største jubileumsgåva er ikkje det du gjev i kollekt i dag, det er å hylle Jesus, Kvitekrist.
Jubileum stiller oss på val. Storfjordens Vener vedlikeheld hus langs Storfjorden og Gud velsigne dei for det, men kyrkja må vere noko meir enn eit hus ein vedlikeheld. Eit verkeleg kyrkjejubileum er å tilbede han som døde for oss, vende oss mot aust, mot soloppgangen der Jesus skal kome att ein gong, sa pater Arnfinn Haram mellom anna.




