På tur i det blå

Bygdekvinnene på blåtur samla til bordsete ved hytteveggen i Moldskreddalen

Bygdekvinnene på blåtur samla til bordsete ved hytteveggen i Moldskreddalen

Laurdag var opplegget klart for den årlege blåturen for medlemane i Sunnylven bygdekvinnelag. Berre styret og vertskapet visste om reisemålet. Dei enda på ei seter til livleg ”drøs” og servering av kaffi og steinomnsbakt brød.

Fredrik Stadheim  –  24.05.2009 19:45:44

 

Turen gjekk til Sunnylvs-Moldskreddalen for 17 av medlemane i bygdekvinnelaget denne gongen. Også veret spela på lag der dei samlast kring langbordet ved hytteveggen til Annvor og Rune Tryggestad. Her vart det sett fram mykje godt som vanleg er når bygdekvinner inviterer til samkome.

At turen denne gongen gjekk til Moldskreddalen var fyrst og fremst for å sjå og smake på brød som var steikt i omnen som hytteeigarane mura opp ute for om lag ti år sidan.

– Utgangspunktet var at vi skulle lage ei grue. Men så kom vi over ein artikkel i eit hytteblad om ein oppmura bakeomn ute, og dermed var ideen kveikt, fortalde Annvor Tryggestad..

 

I steinomnen som blir fyrt og varma opp med vanleg ved, kan ein steike inntil åtte brød i gongen. Omnen har støypte veggar utvendig og eldfast stein frå Åheim innvendig. I eit hulrom imellom er det fylt med sand, ein konstruksjon som gjera at den held godt på varmen i to, tre timar etter fyring. Så er det å skrapa ut oska og det er klart til å steike brød.

Annvor fortel at om sommaren brukar dei å bake mykje av grøvbrøda sine i ovnen på setra. Dei blir ikkje tørre som andre brød og treng ikkje bli lagra i frysaren eller bli pakke i plastposar.

 

Steinomnbrøda smaka og i tillegg til mykje anna god servering og godt prat, vart det fortalt om busetjing, liv og virke i dalen i eldre tid, og lese dikt av Ivar Ringdal.

Før dalen vart sommarhamn for husdyr frå gardane Øye, Stadheim, Åsen, Korsbrekke, Hellesylt og Ringdal var der to gardsbruk i drift.

Her hentar Annvor Tryggestad ut nysteikte brød frå steinbakeomnen. Gerd Helset t.v. tek i mot.

Her hentar Annvor Tryggestad ut nysteikte brød frå steinbakeomnen. Gerd Helset t.v. tek i mot.

Flotte, velsmakande brød, klare for servering.

Flotte, velsmakande brød, klare for servering.

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info