Sommardagar på Hellesylt i rute

Planlegginga er i full gang for nye, innhaldsrike ”Sommardagar på Hellesylt. I år er ”dagane” 10. – 12. juli. Møtet der lag og organisasjonar var innkalla samla 18 frammøtte.


Fredrik Stadheim – 13.05.2009 10:05:18

Årets Sommardagar blir etter same suksessoppskrift som tidleare år. Frå då hugsar mange kyrkjekonsert, loppemarknad, underhaldning, Hellesyltløp og stort handelshus.
Mykje er på plass, men arrangøren Hellesylt Næringslag må nok kalle inn til fleire møter før eit fullstendig program er spikra.

Sommardagavis
Også i år kjem det ut ei messeavis i veka før sommardagane, gratis til alle husstandar i eit opplag på 33.000. Her vil mykje av det som skjer bli omtala, slik som andeslepp i Hellesyltfossen, dans i stort dansetelt ved Hægstad Gård, kunstutstilling og andre opplevingar i og rundt turiststaden Hellesylt.

Alt no har 30 stands meldt sin ankomst til ”Sommardagar på Hellesylt”. Tor Tryggestad som tek mot tingingar, reknar med å få eit ti-talls til på lista. Men no fyllest det opp, seier han.
Tor Tryggestad har mob. 90 91 31 11 / 48 23 60 83.

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info