Lokalnytt

Statsråd til Hellesylt

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa kjem til Hellesylt onsdag 27. mai. Ho kjem frå Geiranger med ferje til Hellesylt om morgonen.

Fredrik Stadheim  –  26.05.2009 15:07:07

 

Kommunalministeren er på veg til Loen, men gjer ein times stogg på Hægstad Gård. Her skal tre representantar for næring og reiseliv, Ronny Brunvoll, dagleg leiar i DGT, Terje Devold frå 62 Nord, og dagleg leiar i Hellesylt Vekst, Inge Hole orientere og halde kvar sine korte innlegg.

 

Inge Hole er glad for at statsråden gjev seg tid med eit stopp på Hellesylt. På dei få minutta han får til rådvelde vil han kome innom Bygdemobiliseringsprosjektet som har hatt positive ringverknader for Hellesylt, og som gav bygda prisen ”Utviklingsbygda 2009” i Møre og Romsdal.

Hole vil også kome inn på byggeforbodet langs Storfjorden, og som statsråden har lova svar på i sommar.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info