God opning i Korsbrekkeelva.

Laksefisket starta i Korsbrekkeelva i dag tidleg og fisken let ikkje vente med å ”bite” på kroken. 15 laks på nokre få timar var ein rekordbra start den fyrste fiskedagen.
Fredrik Stadheim – 20.06.2009 20:22:30
Kanskje var det noko symbolsk i teksten på t-skjorta til Frank Bakkom. «Vi tek`n» stod det, og det gjekk troll i ord. Bakkom fekk fleire og også den største laksen på 9,7 kg. på opningsdagen.
Også Jo Norshus var med på storfisket der minste laks vog 4,8 kg.
Det er observert mykje fisk i Korsbrekkeelva så sportsfiskarane har mykje spanande i vente.