Henta heim prisen

Leiar i ungdomsklubben May-Helen Hole, dagleg leiar Inge Hole og styreleiar Jan Ove Tryggestad i Hellesylt Vekst var til stades under opning av fylkestinget i Ålesund og tok mot prisen som ”Utviklingsbygda 2009”. Fylkesordførar Olav Bratland overrekte utmerkinga som er 25.000,- kroner og eit bilete i akvarell.
Fredrik Stadheim – 16.06.2009 08:50:05
I si tale minte fylkesordføraren om dei problem prisvinnarbygda har slite med dei siste åra, fråflytting, vanskelege og til dels fårefulle kommunikasjonar og trussel om fjellras og flodbølge.
-Men bygdefolket er av den seige sorten og har gjennom offensiv satsing og godt samarbeid klart å skape ein positiv trend i bygda si, sa han.
Satsar
Fylkesordføraren rosa det friviljuge engasjement der både bondelag, bygdekvinnelag, idrettslag og næringslag har vore med å setje idear ut i livet.
No blir det satsa på utvikling innan turisme, og i landbruket som alltid har stått sentralt, er fleire planar under utarbeiding, både samdrift, kyllingoppdrett og overnatting på gardar.
Også ungdomen har fått sin plass i utviklinga med ungdomskveldar, ”kom heim-treff”, og snart får dei også sitt ”eige hus”, sa Bratland.
Eit førebilde
-Å gjere ungdom stolte av å kome frå Hellesylt kan gje fleire innbyggarar og arbeidsplassar til bygda i framtida. Arbeidet er prega av samarbeid, og eit perspektiv om at all utvikling skal famne om heile bygda, på tvers av næringar, kultur og miljø. Bygda hentar gjerne inn kunnskap utanfrå, samstundes som dei deler sine erfaringar med andre. Andre bygder kan lære av Hellesylt, sa fylkesordførar Olav Bratland.
