Mange på trimtreff

På det fyrste trimtreffet i år kunne friidrett/trimgruppa i Sunnylven IL notere 42 namn. Treffstad søndag var Ljøsætra.
Fredrik Stadheim – 07.06.2009 18:59:50
Talet unge og eldre framøtte er av det beste på eit trimtreff nokon gong. Truleg hadde veret ei medverkande årsak. Det vanka både store og små premiar til alle. Sjå http://www.sunnylven.no/artikler/2009/juni/33962
For mange gjekk turen heilt til trimposten på Ljøbrekka der kvar vart belønna med åtte poeng.
Også mange frå Stranda var innom posten på Ljøbrekka søndag. Utanom eit par plassar er råsa opp frå Herdal fri for snø.
Neste trimtreff i Sunnylven IL blir i Fagredalen søndag 30. august.


