Sommaravslutting ved Sunnylven skule
Fredag 19. juni var det sommaravslutting på enno eit læringsår ved Sunnylven skule. Samlinga i samfunnshuset var etter tradisjonelt opplegg med programinnslag, utdeling av vitnemål og ei enkel servering.
Fredrik Stadheim – 20.06.2009 15:36:55
Alle foto: Arne Inge Tryggestad.
Sunnylven skulekorps opna festen med flotte korpstonar under leiing av dirigent Trond Otto Berg. Deretter var det fleire programinnslag. 3. og 4. klasse framførte song om alle månadane i året, og 8. og 9. klasse varta opp med eit morosamt og eigekomponert innslag dei hadde kalla ”Greinalause bygdaminne”.
Sju avgangselevar
1. og 2. klasse viste fram sine nye, fine redningsvestar som dei vann i teiknekonkurranse om sjøvett og reglar på sjøen.
Til slutt var det utdeling av vitnemål til sju avgangselevar.
Avslutningsfesten vart leia av lærar Ruth Hole Aaland og var ei gild kveldsstund for mange frammøtte.
Stabilt elevtal
Sunnylven skule har hatt 79 elevar siste skuleår. Elevtalet vil auke litt neste år blir opplyst frå skulen. Skulestart er torsdag 20. august.
Programinnslag med 3. og 4. klasse.