Gamleskulen opnar søndag

Søndag er det høve til innsyn i den gamle skulestova på Hellesylt. I bygget som vart reist i 1898 er det teke vare på mykje inventar og skulemateriell frå eldre tid.
Etter at det kom nytt skulebygg på Hellesylt i 1955, vart gamleskulen i sentrum ståande ubrukt etter å ha vore nytta til folkeboksamling i nokre år.
Til 100-års-jubileet for gamleskulen vart ei støtteforening skipa og la ned mykje arbeid i å take vare på både hus og skulemateriell frå eldre tid.
Søndag er det høve til innsteg i det gamle skulebygget. Her er det meste av tidsrett skulemateriell på plass for å vise ”ein skuledag i gamle dagar”. Her står skulepultar, kateter, kuleramme, sveiveorgel, plansjar av dyr og fuglar og verdenskart. Eit lite skulemuseum, ei ”levande” skulestove, interresant og lærerik.