Hellesylt Camping gav pengegåve

Dagleg leiar i Hellesylt Vekst, Inge Hole t.v. møtte personleg opp for å takke Arne Inge Tryggestad, i midten og Olav Hellebostad for pengestøtta frå Hellesylt Camping. Asbjørn Sårheim var ikkje til stades.
Dagleg leiar i Hellesylt Vekst, Inge Hole t.v. møtte personleg opp for å takke Arne Inge Tryggestad, i midten og Olav Hellebostad for pengestøtta frå Hellesylt Camping. Asbjørn Sårheim var ikkje til stades.

Eigarane av Hellesylt Camping har gjeve 5000 kroner til arbeidet med opprusting og merking av turråser kring Hellesylt og i Sunnylven. Stor honnør til gjevarane, seier leiar i Hellesylt Vekst, Inge Hole.

Fredrik Stadheim – 31.07.2009 18:04:37

Hellesylt Camping har mange gjestar som søkjer etter naturopplevingar til fots. Difor ønska dei å støtte arbeidet som blir gjort for å merke og rydde turråser med ei pengegåve.
-Vi ser at det blir meir og meir av folk som vil oppleve naturen, både til fots og med sykkel. Det ønskjer vi å legge til rette for, men er avhengig av hjelp lokalt. Difor ville vi gjennom eit økonomisk tilskot støtte det friviljuge arbeidet som mange personar legg ned-, sa Olav Hellebostad, som saman med Arne Inge Tryggestad og Asbjørn Sårheim er eigarar av Hellesylt Camping.
Pengegåva på 5000 kroner er gått inn på konto til Hellesylt Vekst, men vil bli nytta i nært samarbeid med friidrett/trimgruppa i Sunnylven IL, sa dagleg leiar i utviklingsselskapet Inge Hole.

Mange telturistar.
På campingplassen i Hellesylt sentrum har det vore fullt av gjestar i heile sommar. Campingplassen held ope til 12. oktober.
Størst auke av besøkjande har det vore av reisande med telt og desse nyttar mykje dei mange turmoglegheitene. Også mange reisande i campingbil har hatt staden som base. Mellom anna stoppa 15 tyske bobilar i fleire dagar for å ta turar både på fjorden og i det vakre terrenget som omkransar turistbygda.

Bønder ryddar skog.
Eigarane av Hellesylt Camping er ikkje i tvil om at arbeidet som blir lagt ned for å halde gode turstiar er til nytte og glede for mange. Både Hellesylt Næringslag og friidrett/trimgruppa i idrettslaget har gjort og gjer ein uvurderleg innsats.
Inge Hole trekkjer også fram bøndene som mange stader har rydda skog for å gjere det betre framkomelege. Både til Fedalen, Liadalen, Haugedalen, Hellebostad og på Ljøen har grunneigarar med motorsager gjort nyttig jobb.
Han fortel at det siste var fjellsprenging og no sikring med gjerde av eit vanskeleg parti på råsa til Åseneset og Åsen.

Møtte personleg opp.
Å få 5000 kroner i pengestøtte utan ein gong å sende søknad, var difor både kjærkome og gledeleg, sa Inge Hole som møtte opp på Hellesylt Camping for personleg å takke for gåva.
Det sette gjevarane pris på, og utan å love noko sikkert, var det ikkje utenkjeleg at nye beløp kunne kome ved seinare høve.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info