Lokalnytt

Hellesylt Vekst inviterer til bygdafest

I konkurranse med fleire gode kandidatar vart Hellesylt og bygda Sunnylven tildelt prisen som Utviklingsbygda 2009 i Møre og Romsdal. No inviterer Hellesylt Vekst bygdefolk og andre til stor feiring 15. august.

Fredrik Stadheim – 28.07.2009 23:29:56

Prisen som representantar for Hellesylt Vekst og Utviklingsbygda mottok på fylkestingsamling i Ålesund i juni var 25.000,- kroner og eit akvarellbilete. No ønskjer utviklinsselskapet å dele gåva med bygdefolk og andre gode støttespelarar, og legg opp til variert program for feiringa.

Programmet laurdag 15. august er ikkje heilt ”spikra”, men det blir seriekamp fotball 4. divisjon mellom Sunnylven og Stranda på Hellesylt stadion.
Frå utescene på Ole Ringdals plass kl. 16.00 blir det helsingar og mykje song og musikk. Her blir å høyre Hornindal sin Elton John, Kjetil Grodås saman med lokale songidol, Kristin Storstein og Ingelin Storstein Hole.

Seinare på kvelden laurdag held bygdafesten fram på Hægstad Gård der Kjetil Grodås syng og spelar til dans.
Meir om programmet kjem etter kvart.
Set av laurdag 15. august og bli med på feiring av Utviklingsbygda 2009 på Hellesylt.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info