LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2009

Kunst og matglede på Hægstad Gård

Dirk Kiefer er dagleg leiar ved Hægstad Gård.
Dirk Kiefer er dagleg leiar ved Hægstad Gård.

Service- og kunstsenteret Hægstad Gård på Hellesylt har halde ope frå 1. mai i år. Bygget huser turistinformasjonen på Hellesylt, kunstutstilling, tolv store trerelieff med motiv frå Peer Gynt, og kafeteria med serveringsløyve for øl og vin.


Eigar av Hellesylt Vandrerhjem, Einar Aasestrand har overteke drifta av Hægstad Gård og kunstsenteret Peer Gynt Galleriet. Han har inngått leigeavtale med 62° Nord om leige på fem pluss fem år.
Aasestrand eig og driv vandrerheimar også i Stryn og Ålesund.

Vurderer opne hotellet
– I grunn ville eg drive berre med Vandrerhjem, men så såg vi at nokre av dei reisande ynskte å ha litt høgare standard for overnatting. Når tilbodet om å leige Hægstad Gård og motell og resepsjon ved Grand Hotell kom, gjekk vi for ein litt langsiktig leigeavtale, seier Aasestrand som er innvald som styremedlem i Destinasjon Geirangerfjord Trollstigen.
Han er nøgd med sesongen så langt. Kanskje blir også visse deler av Grand Hotell opna ut på hausten, seier Aasestrand som vurderer dette.

Satsar på matglede
Dirk Kiefer frå Tyskland er tilsett som kokk og dagleg leiar ved Hægstad Gård. Språket valdar ikkje problem for Kiefer, han har budd seks år i Norge. Til Hellesylt kom han frå jobb på kafeen Lyspunktet i Ålesund. Før det var han kokk på Rica Parken.
Menylista ved Hægstad Gård inneheld matrettar frå heile verda, seier den daglege leiaren. Han lagar alt frå grunnen av, det blir med andre ord heimelaga mat.
Kiefer har funne seg bra til rette på Hellesylt og har møtt mange hyggelege personar seier han. Som kokk set han kvalitet i fyrste rekke på det han serverer. Det skal vere mat for ein kvar smak, også for vegetarianarar og for dei som ikkje toler gluten.
-Vi vil skape matglede, du får berre ein sjanse til å gjere dei besøkande fornøgde, seier Dirk.

Kunstgalleriet.
Men det er ikkje berre matglede ein kan oppleve på Hægstad Gård. Bygget er eit av dei største kunstsenter på Vestlandet. I år har kunstmålaren Olav Harald Ulstein salsutstilling av oljemåleri og akvarellar, men enno meir kjent er treskjerar Oddvin Parr sine trerelieff med motiv frå Peer Gynt. Gjennom utstilling av tolv bilete i det store lokale får ein eit nært møte med mange personar og hendingar frå dramaet av diktaren Henrik Ibsen. Her er Peer, mor Åse, Solveig, Anitra, Dovregubben, Bøygen og mange, mange andre motiv foreviga gjennom utskjeringar i lindetre.
Hægstad Gård på Hellesylt er verdt eit besøk.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380