Loppemarknad laurdag

Gerd Helset i styret for sanitetslaget viser fram eit av mange pyntefat som blir bode fram under loppemarknaden.

Gerd Helset i styret for sanitetslaget viser fram eit av mange pyntefat som blir bode fram under loppemarknaden.

Sunnylven sanitetslag har fått inn mange verdfulle ting til loppemarknaden laurdag. Utvalet av koppar og kar, bruksting og pyntegjenstander er like stort som vanleg.


Loppemarknaden til Sunnylven sanitetslag er mange år eldre enn arrangementet Sommardagar på Hellesylt.
Det starta i gata ved Kleivabuda, og med stort frammøte av kjøpelystne vart det nesten trafikkaos i den trange gata dei fyrste åra. På laurdag er handlediskane og vareutvalet på plass i området ved kyrkjelydshuset.

Utruleg kor flotte ting folk gjev frå seg, er kommentaren frå sanitetsdamene som har teke i mot. Her er skåler, heile servise av koppar og fat, leiker, pyntegjenstandar, antikke ting og mykje kjøkkenreiskap. Der er også fleire flotte bileter.
Dei mest verdfulle tinga skal auksjonerast frå utescena laurdag kring kl. 13.00. (Sjå programmet)
Overskotet av loppemarknaden deler Sunnylven sanitetslag ut til gode formål i bygda.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380