Mange feira olsok i Bygdetunet
Olsokfeiring i Hellesylt bygdetun har blitt tradisjon med åra. Også onsdag inviterte Bygdetunets venner til rømmegraut, kaffi, kaker og program.
Fredrik Stadheim – 29.07.2009 23:09:36
Heile 53 personar møtte fram sjølv om verutsiktene ikkje var dei aller beste. Men då var den gamle låven eit godt og teneleg val for samlinga.
Karl Johan Øie ønskte alle vel møtt til olsokfeiring i bygdetunet. Han var glad for det gode frammøtet, men vart også litt skremt, for han frykta at det ikkje skulle bli nok rømmegraut til alle, som han sa. Det vart det, og både den og kakene etterpå fall i smak hos dei frammøtte.
Øie hadde også innslag i programdelen. Der fortalde om han om Gyri Marte, som var fødd 1835 i Knut-garden på Hellesylt i ein søskenflokk på ti. Ei dyktig dame som levde eit lang og strevsamt liv til ho døydde 103 år gamal.
Ruth Hole Aaland hadde sett saman eit interessant kåseri om diktaren Henrik Ibsen sitt besøk i Sunnylven i 1862. Mange kjelder hevdar at det var her saman med sokneprest Barmann at han henta inspirasjon til deler av ”Brand”.
Pater Arnfinn Haram deltok med song og kom med ein apell til alle som var til stades om å bruke den kristne arven. At kristentrua slo så sterk rot i det norske folk skuldast ikkje minst dei norske folketonane, meinte Haram som leita fram tre songar frå den gamle salmeboka som han avrunda ei gild olsokfeiring i Hellesylt bygdetun med.
Karl Johan Øie var både glad og litt overraska over at så mange kom til olsokmarkering.