Natteravnar under Sommardagane.

Å ha vaksne til stades under større arrangement kan virke forebyggjande mot uro og uheldinge episodar. Også i år vil ein sjå Natteravnar på Hellesylt under Sommardagane.
I fjor fekk Hellesylt oppretta ei Natteravngruppe. Frå Trygg Vesta vart det bevilga jakker, vestar og 2.500,- kroner i oppstartstøtte, i tillegg til informasjon og gode råd.
Natt til søndag under Sommardagar på Hellesylt i fjor gjekk fem personar Natteravn i sentrum. Tiltaket vil bli følgd opp i år.
Med unnatak av eit par episodar var det lite å gjere for dei gode hjelparane som Natteravnar er.
Om fleire kan tenkje seg å delta både i helga og ved andre høve, ta kontakt med Bente Bonsaksen eller Eva Kristin L. Røyrhus.