LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2009

Premierar beste forslag på kvilebenk og jaktbu

Under Sommardagar på Hellesylt blir vinnarane av konkurransen i Hoppid om utforming av beste kvilebenk og jaktbu kåra.


Tidlegare i år utfordra Hoppid-kontoret i kommunen kreative personar til å kome med forslag på utforming av ein kvilebenk, ei jaktbu og ein gapahuk.

Det kom inn fleire utkast og no har ein jury samansett av Torill Slettvoll, Slettvoll Møbler AS, Vebjørn Skog, kulturleiar i Stranda kommune og Inge Bjørdal, næringssjef i Stranda kommune kåra dei beste forslaga av kvilebenk og jaktbu. Vinnarane blir utropt under programmet frå utescena søndag og blir premiert med 5000,- kroner kvar.
Skisser av vinnarutkasta blir vist på sentral stad på Hellesylt.

Det kom ikkje inn forslag på gapahuk. Ein vil vurdere ny utlysing seinare.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380