11. april 2026

Avslutta øvingshelg med konsert

-

Omlag 60 personar kom til korpskonsert på Sunnylven samfunnshus søndag. Der presenterte Sunnylven skulekorps og Stranda skulekorps programmet dei skal delta med under Nordvest- meisterskapen.

Dirigent Trond Otto Berg hadde sett saman eit knippe korpsmusikk, både kjende og ukjende tonar for dei fleste.
Gjennom ei lang øvingshelg hadde dei to korpsa med om lag 30 musikarar øvd på det som blir deira innslag under Nordvest- meisterskapen for skulekorps på Nordfjordeid i mars. Instruktørar dei to dagane var Trond Otto Berg, Andreas Torheim, Henning Hansen, Ragnhild Stadheim og Wenche Ringdal.

Det var utfordrande tonar for dei unge musikarane som skulle formidlast frå noteark gjennom instrumenta. Men minikonserten vart ei triveleg stund for alle som er glade i korpsmusikk.
Best likte vi avslutninga med Secret Garden sin melodi ”The Rap”. Slett ikkje enkel å framføre med stadige taktskiftningar, men med svingande tonar og stødig trommekomp vart det eit verdig punktum på ein ny, flott korpskonsert.

-
-
Solist Andreas Havnen, Stranda skulekorps
Solist Andreas Havnen, Stranda skulekorps
Også aspirantar, Sunnylven skulekorps underheldt.
Også aspirantar, Sunnylven skulekorps underheldt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →