
Denne veka starta tunelldrivinga frå stasjonsområdet på Ringdal Kraftverk. Utanom at kulden hemmar framdrifta, går arbeidet som planlagt.
Tysdag small den fyrste salva der kraftverktunellen kjem ut i stasjonsområdet. Noko sikringsarbeid og i tillegg kulde hemmar framdrifta litt i staten, seier Jon Grebstad i Volda Maskin som har oppdraget med tunelldrivinga.
Grebstad fortel at tunellen har eit kvadrat på 20 meter frå opninga og i 250 meters lengde. Deretter går ein over til 12 kvadratmeter opning. Frå inntaket i Moldskreddalselva på Ringdal er tunellen enno litt mindre.
Når arbeidet kjem i gong for fullt og om fjellet er bra reknar Grebstad med at dei skal drive ut 10 meter for dag.
Han håper dei møtest med tunellane i fjellet, for no jobbar dei frå begge endar.
Jon Grebstad trur Volda Maskin har gjort jobben til sommarferien i år.
