Lokalnytt

Hellesyltfossen prydar kalender

Hellesyltfossen prydar årskalenderen til emballasjebedrifta Peterson.
Hellesyltfossen prydar årskalenderen til emballasjebedrifta Peterson.

Hellesyltfossen i flaumljos prydar årskalenderen frå emballasjebedrifta Peterson i Sykkylven. Kalenderen har gått ut til kundar over heile Norge i fleire tusen eksemplar.

Peterson i Sykkylven har gjeve ut eigen kalender dei siste 20 åra. Eit bilete med den blå fargen som i logoen til bedrifta, har pryda mellom månader og datoar. Det fortel Sindre Hjelle som har hatt ansvar for utforming av kalenderen.

-Det er svært sjeldan vi har brukt lokale motiv, bileta har blitt henta frå heile landet der vi fann igjen den blå fargen. Det lyssette biletet av Hellesyltfossen som er levert av Zenisk, var midt i blinken og eit flott motiv med blåfargen i juvet bak brua. Dermed valde vi det, noko som skulle vise seg å vere eit godt val-, seier Sindre Hjelle.

Hjelle fortel at årets kalender har blitt svært populær mellom kundane og at dei stadig vekk får positive tilbakemeldingar. Det vart laga 3150 eksemplar i tre storleikar og alle har gått ut. No kjem selgarar og spør etter fleire.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380