Lokalnytt

Ljøvegen nattestengt frå 01. februar

Arbeidet med utviding av Ljøvegen frå Helgesvingen til Streketunnelen er på det nære fullført. No pågår arbeidet med ny Streketunnel.
Arbeidet med utviding av Ljøvegen frå Helgesvingen til Streketunnelen er på det nære fullført. No pågår arbeidet med ny Streketunnel.

Til sommaren blir det ingen veghindringar etter fv. 60 Ljøvegen. Frå 12. mai til 16. august kan alle ferdast fritt mellom Hellesylt og Røyr heile døgnet.

På eit møte nyleg mellom Statens Vegvesen og brukarar av vegen, vart vegstengning og trafikale løysingar i samband med rassikringsarbeidet drøfta.

Av referat frå møtet kan ein lese at frå måndag kveld 01. februar til o.m. laurdag 27. mars blir fv. 60 mellom Hellesylt og Røyr nattestengt frå kl. 17.30 måndag kveld til kl. 05.30 laurdag morgon. Ikkje nattestengt natt til søndagar eller natt til måndagar.
Vegen blir stengt med bom ved innslaget på nye Streketunnelen og ved Røyr.

I denne perioden blir det to tidspunkt for kolonnekøyring, kl. 20.00 og kl. 22.15 frå Hellesylt og Røyr begge vegar.

Gratis ferje.
Etter det blir det også korte periodar med nattestengning og kolonnekøyring før vegen blir heilt stengt mellom 08. april til 30. april.
Då blir det sett inn ferje mellom Hellesylt og Stranda med ti avgangar kvar veg dagleg.
Statens Vegvesen har bestemt at heile ferjeperioden blir gratis for alle, går det fram av møtereferatet.
Frå måndag 03. mai til onsdag 12. mai blir det på nytt ein periode med nattestenging og kolonnekøyring.

Også frå 16. august og ut året blir vegen nattestengt med to tidspunkt for kolonnekøyring, eller same opplegg som frå 01. februar til påske.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380