17. desember 2025

Suppesal for jordskjelvramma born.

Mange ønskjer å samle inn pengar og hjelpe dei jordskjelvramma på Haiti. Tysdag selde elevar ved Sunnylven skule varm grønnsaksuppe til mange i paviljongen ved skulen.

Det vart stor pågang av kjøparar då elevane i 3. og 4. klasse ved Sunnylven skule laga og selde suppe til inntekt for jordskjelramma born på Haiti. Ei panne med 20 liter suppe vart for lite, så då var det berre å koke meir.

Kjøparar var både elevar, foreldre og mange andre som stakk innom ”suppebutikken” der koking og sal foregjekk i den nybygde paviljongen ved skulen. Og alt av salet var netto, for dei 16 elevane hadde sjølve med alt som skulle til for å lage ei velsmakande suppe.
Kring 2000,- kroner kom inn som skal sendast til hjelp for jordskjelramma born på Haiti.

Eit flott tiltak som både gav pengar til hjelpearbeidet, og vart eit trivselsmoment i skuledagen ein vinterleg januar- dag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →