
Søndag var det pensjonistfest på Sunnylven kyrkjelydshus med sanitetslaget som vertskap. Nær 40 personar møtte fram.
Det var kaldt i Sunnylven då Sunnylven sanitetslag inviterte til den årlege pensjonistfesten. Likevel tok mange ut og fekk oppleve ei triveleg samkome med både program og bevertning.
Frå styret i sanitetslaget helsa Kari Hauso Stadheim vel møtt til alle. Veret er til bekymring og til besvær på mange måtar, sa ho og tenkte sjølvsagt på den strenge kulden dei siste dagane. Men no var sola på veg tilbake og då gjekk det mot ljosare og etter kvart varmare tider.
Programmet opna med friske tonar på fele frå musikkelevar til Synnøve Hjellbakk Hole. Innslaga varierte frå ”Lisa gjekk til skolen” med dei aller yngste til ”Springar frå Hornindal” med dei eldste.
”Glimt frå jubileumsåret med Sunnylven kyrkje” vart ein triveleg time for mange. Sokneprest Svein Runde hadde sett saman eit bildekåseri frå fyrste møte i programnemnda og fram til jubileumsdagen 27. september 2009.
Arrangementa i høve 150- årsfeiringa for kyrkja vart mange. I løpet av året kunne publikum vere med på friluftgudstenester på Korsbrekke og på Høgreiten, og konsertar i Sunnylven kyrkje med Sunnivakoret, Hanne Krogh og ikkje mist Lina Sandell- konsert med lokale songarar og pianist Helge Lilletvedt.
I tillegg vart det skipa til fleire mindre arrangement og gjeve ut ei jubileumsbok, rikt illustrert med bilete.
Med Runde si store evne til å formidle ord til bildeinntrykk vart attersynet på jubileumsmarkeringa eit svært interessant programinnslag som fall i smak.
Smaka gjorde også serveringa under samkoma. Det vart servert både middag, dessert og kaffi. Pensjonistfesten vart avslutta med allsong ”Deilig er jorden”.

