Lokalnytt

Årsmøte i Sunnylven Pensjonistlag

Det nye styret i Sunnylven Pensjonistlag. Framme frå v. Solveig Høgalmen, Knut J. Tryggestad. Bak frå v. Oddmund Fivelstad, Hildur Vollset, Reidun Tryggestad, Åge Gjørvad.
Det nye styret i Sunnylven Pensjonistlag. Framme frå v. Solveig Høgalmen, Knut J. Tryggestad. Bak frå v. Oddmund Fivelstad, Hildur Vollset, Reidun Tryggestad, Åge Gjørvad.

Sunnylven Pensjonistlag har halde årsmøte med 36 medlemer til stades. Vanlege årsmøtesaker, litt program og servering stod på dagsorden. Solveig Høgalmen kom inn som nytt styremedlem, resten av styret og leiar Knut J. Tryggestad tok mot attval.

Fredrik Stadheim – 25.02.2010 22:44:11

Det var eit godt årsmøte, slår Knut J. Tryggestad fast. Han tek fatt på sitt fjerde år som leiar i Sunnylven Pensjonistlag.
Årsmeldinga synte at laget med kring 70 medlemer har lagt eit nytt godt år bak seg. Også økonomien er god. Medlemskontingenten er 200,- kroner, men berre 33,- kroner blir igjen til lokallaget når hovedorganisasjonen har fått sitt. Rekneskapen synte eit overskot på 2.924 for siste år.

I programdelen var det Ord for Dagen ved Oddmund Fivelstad, og Oddveig Kjellstad tok alle med på ei reiseskildring i ord frå Hellesylt, inn Geirangerfjorden og innom dei mange gamle buplassane, til hotella i Geiranger og tilbake til Hellesylt, alt på rim.

Sunnylven Pensjonistlag har eit godt samarbeid med Sunnylven Bygdekvinnelag, noko pensjonistlaget set stor pris på, seier Knut Tryggestad. Under årsmøtet onsdag sytte bygdekvinnelaget for servering av karbonadesmørbrød, kaffi og kaker.

Val.
Styret i Sunnylven Pensjonistlag:
Leiar:
Knut J. Tryggestad.
Styremedlemer:
Hildur Vollset
Oddmund Fivelstad
Reidun Tryggestad
Åge Gjørvad
Solveig Høgalmen

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380