
I Sunnylven kan det bli hyttefelt på den solrike garden Åsen om det går slik to av grunneigarane ønskjer i brev til Stranda kommune, sendt plan og utviklingssjef Steinar Belsby. Her kan Hellesylt få det andre tettstader manglar, gode og sentrumsnære fritidstomter.
Fredrik Stadheim – 12.02.2010 23:07:22
I brevet skriv Roar Åsen og Liv Sætreås at dei ønskjer ei vurdering av om området dei har merka av på kart kan nyttast til bygging av fritidsbustader / hytter.
Grunneigarane ønskjer også tilbakemelding på forslag til veginnføring og løysingar for tekniske anlegg for området.
I brevet blir det peika på at den kommunale vegen til Åsen har behov for opprusting og dei bed Stranda kommune vurdere dette opp mot moglegheitene for å få realisert areal til fritidsboligar / hytter.
Eit eventyrleg område
-Vi ventar på svar frå kommunen. Brevet vart sendt i januar som resultat av ein forespørsel frå Hellesylt Vekst om moglegheitene for å etablere eit hyttefelt i nærleiken av Hellesylt-, fortel Roar Åsen..
-Som byggeområde for fritids- og hyttefelt er arealet som er merka av på kartet godt eigna. Der er mykje sol og utsikta frå Kvieplassen og terrenget kring er storslagen over fjorden og Hellesylt sentrum. Det ville bli eventyrlege hyttefelt her, og sentrumsnære slik Hellesylt Vekst ønskjer.
Også vegløysinga skulle kunne ordnast på ein grei måte, då er kanskje dei tekniske løysingane meir komplisert.
For garden Åsen sin del er tida med jordbruk ferdig. Ut frå dei nyaste kart frå landbruksavdelinga var heile garden utlagt som beite. No må ein satse på andre områder for å gjere seg nytte av areal og halde på busetnad-, meinar Roar Åsen.