Lokalnytt

Bilbrannen krev sikringsarbeid.

Mykje svart røyk velta ut av Streketunnelen i samband med lastebilbrannen. (Foto: Inge Hole)
Mykje svart røyk velta ut av Streketunnelen i samband med lastebilbrannen. (Foto: Inge Hole)

Streke-tunnelen blir stengt fram mot helga etter lastebilbrannen tysdag. Mykje rensking og sikringsarbeid blir no gjort etter at varmen frå brannen sprengte ut fjell i tunneltaket.


Fredrik Stadheim – 24.02.2010 23:01:36

Det var kraftig varme og stor røykutvikling då ein lastebil frå veganlegget tok fyr om lag 100 meter inne i Streke-tunnelen nærast Ljøen. Årsaka til brannen, der sjåføren kom seg velberga ut, er ukjent enno, men lastebilen vart heilt utbrend.

Etter uhellet tysdag vart fylkesveg 60 mellom Hellesylt og Røyr stengt, og ferje kom i rute mellom Stranda og Hellesylt onsdag.
Ferja har desse avgangstidene:
Frå Stranda: 07.00 10.00 14.00 17.00 20.00.
Frå Hellesylt: 8.30 11.30 15.30 18.30.

Det pågår no sikringsarbeid i tunnelen, opplyser prosjektleiar i Statens vegvesen, Arne Ola Stavseng. Han fortel at tunnelen er vaska, og fjellet i taket er pigga med maskin og deretter renska manuelt. No blir det sikra med sprutbetong.

Stavseng kan ikkje opplyse når trafikken vil sleppe gjennom tunnelen igjen, men truleg blir det ikkje før til helga.
-Vi tek ingen sjanser, vi vil sikre tunnelen godt fyrst -, seier han.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380