Helgesvingen, eit lite kunstverk

2010-02-001

«Kunstmurar» Terje Edelston saman med ein av dei mange natursteinane han har lagt på plass med maskina bak.

Han har mura stein på stein, maskinkøyrar Terje Edelston i firma Lars Kveen A/S. Når Helgesvingen er ferdig utbygd har Hellesylt fått eit nytt kunstverk, denne gongen i naturstein.


Fredrik Stadheim – 25.02.2010 16:35:20

Det har blitt mange stor steinar å få på plass i Helgesvingen på Hellesylt. I samband med rassikring av Ljøvegen blir også det mykje trafikerte vegkrysset utvida. Terrenget her er vanskeleg, men med oppmuring på eine sida og utsprenging av fjellet på den andre har planleggarane løyst utfordringa.

Terje Edelston frå Stryn har ført spakane i maskina som murar den store og flotte natursteinmuren.
Det har gått bra seier han, men ein må vere tolmodig. Sjølv om han har moderande og godt utstyr med GPS og andre hjelpemiddel til rådvelde, blir det også mange turar ut av maskina for å sikte, for muringa er presisjonarbeid. Og det er store dimensjonar både i høgd og lengd, ca. 9 meter på det høgaste og 80 meter lang.

Natursteinen blir skoten ut og køyrd til Hellesylt frå Nordfjord Skifer i Breim. Kor mange trailerlass som har gått med veit ikkje Edelston sikkert, men kanskje ein stad rundt etthundre tippar han.

Terje Edelston smiler når vi spør om han vil garantere at muren står stødig. Han veit at det vart gjort godt og grundig arbeid frå fyrst av med utsprenging av to hyller. Heile muren er dobbel mur og fylt etter med pukk, så den flytter seg ikkje, seier han.

Prosjektleiar i Statens vegvesen, Arne Ola Stavseng stadfestar det gode arbeidet som blir utført med utbetring av Helgesvingen. Å mure ein så stor natursteinmur krev både tolmod og innsikt. Muren er på 600 kv.m. og blir bygd etter anvisning frå geoteknikarar i Vegvesenet. På kanten av toppen skal det støypast ei flate som autovernet skal forankrast i, seier Stavseng som trur arbeidet vil vere ferdig rundt påske.

Det er store dimensjonar over den nye muren.

Det er store dimensjonar over den nye muren.

 

Helgesvingen blir betydeleg utvida når det heile er ferdig.

Helgesvingen blir betydeleg utvida når det heile er ferdig.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380