Alle styreverv kom på plass på årsmøtet i Hellesylt Ungdomslag, men laget manglar leiar i hovedstyret. Fungerande leiar siste år, Tor Arne Tryggestad tok ikkje mot attval.
Fredrik Stadheim – 06.02.2010 11:41:57
Hellesylt Ungdomslag hadde 110 betalande medlemer det siste året, dei fleste under 26 år.
Laget har solid økonomi med overskot for 2009.
Årsmeldinga fortel om god aktivitet med kulturelle arrangement av ulike slag.
Arbeidsåret starta med småbordsfest, eit fellesarrangement med Sunnylven samfunnshus, folkemusikkonsert med duoen Frøholm/Tillung, og deltaking i kunnskapstevlinga ”Kven Veit” der HUL sine to seniorlag kom mellom dei 20 beste.
Fekk aktivitetspris
Under årsmøtet til Sunnmøre Frilynde Ungdomslag på Hellesylt i mars, vart Astrid R. Ringdal tildelt aktivitetsprisen til SFU for hennar innsats for folkedansmiljøet på Sunnmøre og ikkje minst på Hellesylt.
Den årvisse grendakvelden vart skipa til i april og vart på nytt eit suksessfylt arrangement. Det same vart 17.- maifesten og arrangementet 4. juledag med revygruppa frå ”Sommargale Stryn” og danseorkesteret Buddies.
Badehuset freda
I samband med kulturminneåret 2009 gjorde Riksantikvaren framlegg om at sjøbadet og badehuset på Hellesylt skulle fredast. Det vart vedteke også lokalt og markert med tilstelning på badestranda 2. oktober.
Her var fleire helsingar og andre innslag. Frå Riksantikvaren fekk Hellesylt Ungdomslag overrakt 150.000 kroner i gåve. Pengane skulle gå til oppbygging av stupetårnet til fire etasjar.
Snart jubileum
Hellesylt Ungdomslag var skipa i 1911 og rundar 100 år neste år. På årsmøtet vart det valt ei festnemnd som skal starte førebuingane til 100- årsmarkeringa.
Tor Arne Tryggestad, Marianne Fivelstad, John Langeland og Wenche Ringdal startar arbeidet og kan knyte til seg andre etter behov.
Val på årsmøtet.
Hovedstyret:
Ole Aasen, Kajsa Follin, Anita Langeland, Geir Frøysa, Egil Røyrhus. (Styret konstituerar seg sjølve)
Varamedlemer til hovedstyret: 1. Oddbjørg Stadheim, 2. Susanne Ringdal. 3. Margretha Helset Janssen.
Teatergruppe:
John Langeland, Per Kjell Leite, Anne Marie Sømoen Frøysa, Asle Fivelstad.
Badehusstyret:
Tor Arne Tryggestad, Frode Nessan, Wenche Ringdal.
Barnelaget:
Randi Sæter, Jorunn Trøen, Wenche Ringdal, Tove Taraldset, Erna Fjellset Hellebostad.