
Hellesylt sentrum er overmode for å få ein heilheitleg plan for utbygging. Arbeidet som vil starte opp i løpet av året tek utgangspunkt i stadanalysa som er gjennomført tidlegare.
Fredrik Stadheim – 04.02.2010 15:30:12
Det sa Astrid Eide Stavseng då ho på folkemøtet onsdag orienterte om planarbeidet for Hellesylt sentrum som får oppstart i februar. Det blir innhenta anbod på arbeidet og halde folkemøte før planen blir lagt ut til offentleg innsyn kring september i år.
Sentrale punkt som planen vil ta for seg er trafikkmønster, foretningsareal, reiseareal, parkering, gangvegløysingar, møteplassar, gangbru over elva, småbåthamna med servicetilbod, avklaring kring ungdomsklubben og Grand Hotell.
Astrid Eide Stavseng viste eit knippe flotte bilete frå områder som blir innbaka i den nye sentrumsplanen.
Planen får sine yttergrenser etter ei rett linje i sør om lag over Svarthammaren, i vest ved ”grushøla” og Helgesvingen til Ungdomsherberget, i nord rett mot Åseneset og i øst avgrensa mot Korsbrekke Naturreservat og Hellesylt stadion.
Så langt var det lite konkret som var bestemt, men det var ønskjeleg med innspel frå publikum. Det var viktig å få fram alle tankar og idear, for når planen vart vedteken var den bindande i ti år, sa Astrid Eide Stavseng.
Endeleg godkjenning er forventa i mars 2011.