LokalnyttLokalsport

Nye løyper for skifolket

Skigruppa tilbyr no flotte turløyper i flott terreng i Langøyli.
Skigruppa tilbyr no flotte turløyper i flott terreng i Langøyli.

Både turløparar og ”ræsarar” har fått eit nytt tilbod av skigruppa i Sunnylven IL. Fleire kilometer med preparerte skispor er køyrde opp i Kjellstadlia på solsida.

Fredrik Stadheim – 15.02.2010 13:47:26

Lysløypa til Sunnylven IL er mykje nytta. For turgåarar på langrennski er konkurranseløypene der litt utfordrande for mange.
No har skitrimmarar i Sunnylven fått eit nytt, flott tilbod. Den gode snøvinteren har gjort det mogleg å køyre opp løyper på solsida i området Kjellstadli/Langøyli. Det har mange sett pris på.
Søndag var det stor utfart både av trimmarar og ”Birken”-løparar. Mange var også dei gode kommentarane til tiltaket som skigruppa og sjåførane på trakkemaskina hadde stelt i stand.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380