Lokalnytt

Reguleringsplan for djupvasskai klar

I sjøen framfor Ole Ringdal A/S, litt til høgre på biletet skal djupvasskaia på Hellesylt ligge.
I sjøen framfor Ole Ringdal A/S, litt til høgre på biletet skal djupvasskaia på Hellesylt ligge.

Reguleringsplanen for djupvasskai på Hellesylt vart presentert på eit folkemøte denne veka. Møre og Romsdal fylke har ingen merknader til planen som blir handsama av Stranda kommunestyre onsdag 17. februar.


Fredrik Stadheim – 04.02.2010 14:47:52

Plan- og utviklingssjef Steinar Belsby og Astrid Eide Stavseng frå Stranda kommune presenterte reguleringsplanen for eit 30- talls frammøtte på Sunnylven kyrkjelydshus onsdag.
Utanom nokre synspunkt på tilkomst og vegløysingar, vart planløysinga for djupvasskai på Hellesylt godt motteke.

Vanskeleg grunn

Grunnforholda i sjøen framfor bedrifta Ole Ringdal a/s er vanskelege og består av mykje humus og lausmasse. Belastninga av ei fylling kan føre til undersjøisk ras, så difor blir kaia bygd på pælar, sa Belsby.
Stålrøyr på 70- 80 cm. i diameter skal fyllast med betong og på det meste bankast 70 meter ned i grunnen. På toppen blir støypt eit 30 cm tjukt betongdekke. Kaia blir 100 meter lang med landgangsbrygger og oppankringspunkt. I tillegg blir det laga to ”puter” i sjøen for oppankring av bakerste del av store båtar.

Veg til djupvasskaia var over grusbana nær kanalen, men denne løysinga ville bli vurdert på nytt, sa Belsby. Det var aktuelt å legge vegen nærare langs kanalen eller mot brua og fossen.

Ferdig 2011

Byggestart for djupvasskai på Hellesylt blir truleg ut på seinsommaren i år. Entreprenør Kjell Nordang a/s har fått byggeoppdraget med begge djupvasskaiene i kommunen.
Så langt var det ikkje kome inn motsegn til planen og det forventar vi heller ikkje, sa plan- og utviklingssjef Steinar Belsby.
Kaia på Hellesylt skal vere ferdig til bruk sesongen 2011.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380