Fullt kyrkjelydshus med Joyful

Minikonserten med Joyful vart ei oppleving med fine songar og stor musikkglede.
Minikonserten med Joyful vart ei oppleving med fine songar og stor musikkglede.

Palmesøndag inviterte Joyful på tombola og konsert på Sunnylven kyrkjelydshus. Frammøtet viste at mange set pris på ungdomskoret.


Fredrik Stadheim – 28.03.2010 21:25:32

Vi hadde dekka på småbord til kring 80 personar, men det kom omlag det dobbelte. Det fortel leiar i styret for barne- og ungdomskora i Sunnylven, Hilde Langlo Brekke. Ho var imponert og overvelda over frammøtet. Å oppleve slik støtte er motiverande i arbeidet vidare, meinte ho.

Ved det eine langbordet gjekk det unna med matsal, pølse og brød, karbonade med stappe, kaffi og kaker. Og i andre enden av forsamlingslokalet var det loddsal på tombola. To driftige bestemødre, Inghild Storstein og Laila Røyrhus hadde stelt det heile i stand med 300 gevinstar. Nær halvparten hadde dei laga sjølve, og no stod dei der og selde lodd.

Alt var utseld då festen var over. Det kom inn 15.000,- kroner på tombolaen, eit beløp som i si heiltheit er øyremerka tur til Oslo og songfestival i 2011, sa Hilde Langlo Brekke.

Laila Røyrhus viser fram dei mange og flotte tombolagevinstane.
Laila Røyrhus viser fram dei mange og flotte tombolagevinstane.
Det var kø av loddkjøparar så lenge tombolaen varte.
Det var kø av loddkjøparar så lenge tombolaen varte.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380