Lokalnytt

Hellesylt treng fleire båtplassar

Småbåthamna på Hellesylt treng utviding då fleire båteigarar ønskjer plass.
Småbåthamna på Hellesylt treng utviding då fleire båteigarar ønskjer plass.

På Hellesylt blir mulegheitene for utviding av småbåthamna vurdert. Rett over påske skal det haldast eit ope møte med Hellesylt Vekst, Hellesylt Næringslag Hellesylt småbåtlag og Hellesylt Ungdomslag om saka.

Fredrik Stadheim – 29.03.2010 23:29:25

Korleis ei utviding av småbåthamna på Hellesylt skal foregå er ikkje planlagt i detalj. Utvidinga kan skape konflikt med badestranda som vart verna sist haust.

Fleire båtplassar er naudsynt, heiter det i eit referat frå eit møte i saka med medlemer frå Hellesylt Vekst, Næringslaget, Ungdomslaget, Småbåtlaget og representant frå Stranda Hamnevesen til stades. Det er ventelister på båtplassar i hamna.
I planleggingsfasen bør ei gå breitt ut lokalt der ulike synspunkt får kome fram. Å betre det estetiske inntrykket av området må også vere ei målsetjing ved planlegging og gjennomføring av ei utbygging, heiter det mellom anna i referatet frå møtet.

Ei utviding av småbåthamna på Hellesylt kan gje inntil 30 nye båtplassar og har ein antyda kostnad på 2. mill. kroner.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380