Lokalnytt

Leirduebana skal få overbygg

Sunnylven Vilt-og fiskelag si leirduebane i Hyttehola, ca. 9.0 km. frå Hellesylt sentrum, skal få overbygg i løpet av året. Ut over sommaren blir det også faste dagar for øvelsesskyting på leirduebana.


Fredrik Stadheim – 22.03.2010 21:54:52

I eit par år har Sunnylven Vilt-og fiskelag jobba med å få reist overbygg på leirduebana i Hyttehola. No har laget fått inn eit betydeleg beløp i sponsormiddlar, og dermed vil dugnadsfolket starte bygginga ein gong ut på våren, fortel Svein Magne Frøysadal, administrator for aktiviteten på bana.

Sjølve leirduebana med standplass vart bygd på dugnad i 2001/2002. Den har automatisk leirduekastar og plass til fem skyttarar i gongen. I løpet av kort tid er planen å få reist overbygg på standplass.

Det er sett opp seks faste kveldar for skyting ut over våren og sommaren. (Sjå aktivitetskalender). Alle som møter til skyteøving må ha med eige våpen, kaliber 12/70. Pris for kvar skyting blir kr. 100,- som inkluderer 25 skot og 25 leirduer, opplyser Svein Magne Frøysadal.
Han opplyser at grupper på 10 personar eller fleire som er interessert i å skyte utanom oppsette datoar, kan ringe tlf. 99 44 54 10 for avtale av dag og tid.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380