Lokalnytt

Mange kjøpte potetball.

Potetball i panner og fat. Frå høgre Wenche Solli, Erna Fjellseth Hellebostad og Barbro Lade.
Potetball i panner og fat. Frå høgre Wenche Solli, Erna Fjellseth Hellebostad og Barbro Lade.

Sunnylven Bygdekvinnelag fekk fullklaff med sin laurdagskafé. Sunnylven samfunnshus var treffstad for eit ekte generasjonstreff med sal av potetball og utstilling av gamle serviettar, koppar og dekketøy.


Fredrik Stadheim – 13.03.2010 22:43:59

Ein gong for året inviterer Sunnylven Bygdekvinnelag til framvising av spesielle ting, ei utstilling dei kallar Snurrepiperier.
Då byd laget også på sal av tradisjonsrik mat som potetball.
I år var laurdagskaféen på Sunnylven samfunnshus besøkt av mange i alle aldrar, frå eitt år til nær hundre.

Utstillinga denne gongen var gamle serviettar, tekanner, skåler og koppar med asjett og tefat.
Samlarar av serviettar hadde leita fram eit stort antall frå fleire ti-år tilbake. Serviettane var dekorert med symbol som roser, fuglar og flagg, men mønsteret avspegla også tidsepoker som jul, påske, konfirmasjon, brullaup og andre spesielle hendingar.

Fekk koppesett av bestemora
Mellom koppar og fat var mykje gamalt og fint, ofte med roser og gullrand på. Fleire ting var svært gamle, men teke godt vare på som sukkerskåla som Ingeborg og Oskar Korsbrekke hadde med til utstillinga, og tekoppane til Anna Jorunn Ljøen. Dei hadde si spesielle historie, kunne ho fortelje.
Frå fyrst av hadde dei seks te-koppane med asjettar tilhøyrt onkel hennar og familen hans. Men kring 1918 under Spanskesjuka mista han kona og dotter si, og sorgfull drog han over til Amerika. Bestemor til Anna Jorunn skulle ta vare på koppesettet til han kom tilbake. Det skjedde aldri og til slutt bestemte bestemora at Anna Jorunn skulle få det heile. Laurdag var dei del av Sunnylven Bygdekvinnelag si utstilling Snurrepiperier. Onkelen kom aldri tilbake til gamlelandet.

Potetball
Men kanskje var det for å kjøpe ein tallerken potetball at mange stakk innom storstova på Hellesylt laurdag. Når kokkene i Bygekvinnelaget steller til festmat er det garantert både velsmakande og store porsjonar. Slik også laurdag då vel 300 potetballar, eller heile 160 tallerkenar med ekte tradisjonsmat gjekk ut. I tillegg vart det sal av kaffi og kaker.
Sunnylven Bygdekvinnelaget var godt nøgde med sin laurdagskafé også denne gongen.

Grete Bjørdal har klar ein ny porsjon potetball med alt tilbehør.
Grete Bjørdal har klar ein ny porsjon potetball med alt tilbehør.
Inger Ann Nybø, nærast og Kari Hauso Stadheim ved eitt av utstillingsborda.
Inger Ann Nybø, nærast og Kari Hauso Stadheim ved eitt av utstillingsborda.
Anna Jorunn Ljøen med ein av tekoppane ho fekk av bestemor si.
Anna Jorunn Ljøen med ein av tekoppane ho fekk av bestemor si.
Oskar Korsbrekke med ei sukkerskål han trur er over etthundre år gamal, men like fin.
Oskar Korsbrekke med ei sukkerskål han trur er over etthundre år gamal, men like fin.
Eit eksempel på ein litt spesiell serviett.
Eit eksempel på ein litt spesiell serviett.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380