LokalnyttLokalsport

Oppstart på kunstgrasbana over påske

Tysdag 6. april er entreprenør A/S Rano Anlegg på plass på Hellesylt stadion med sine maskiner. Då startar arbeidet med ombygging til kunstgrasbane med undervarme for fullt.

Fredrik Stadheim – 24.03.2010 21:52:09

Dagleg leiar i Rano, Noralf Ommedal stadfestar at det meste er klart sjølv om kontrakta med Stranda kommune framleis ikkje er underteikna. Det skuldast mellom anna at nokre teikningar manglar og at det enno ikkje er heilt klart kva type rør som skal brukast til undervarmeanlegget.

Når det gjeld byggetid og ferdigstilling av anlegget vil ikkje Ommedal love noko. Han kunne tenkt seg å starte arbeidet tidlegare i vinter då arbeidsmengda var mindre. No ”vaknar” alt alle stader, seier han.
Det tek litt ekstra tid med legging av rør for undervarme, men han lovar å gjere jobben på Hellesylt stadion så raskt som råd.

Med byggetid frå 6 til 8 veker kan ein rekke fyrste seriekamp heime for damelaget som er 28. mai.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380