15. mars 2026

Øver til VM i Bygdaelva

-

Mark Basso og Benjamin Hjort jublar over Bygdaelva i Steimsåsane. Eit mekka for elvepadling slår begge fast der dei øver til VM i juni.

Fredrik Stadheim – 31.03.2010 15:33:27

Det var lite vatn i Bygdaelva onsdag i påskeveka. Likevel var forholda gode, meinte Benjamin Hjort frå Trondheim. Både han og Mark Basso frå Canada hadde teke turen frå Voss til Hellesylt for å finpusse forma i elvepadling og utfordrande konkurransar som VM i Italia i juni. Til helga venta dei fleire padlarar, for då skulle mange delta i konkurranse i Volda.

Forholda og vassføringa i elva i Steimsåsane var omlag slik dei blir i Italia, sa Hjort. Han har delteke i VM også tidlegare år og vann si klasse i 2008. I fjor gjorde han ein liten feil som øydela, så det vil han prøve å rette opp i år.

-I denne elva kan ein padle heile året både i lite og mykje vatn. Bygdaelva og deler av Dalaelva er av dei flottaste til denne sporten på desse kantar. Berre litt synd at Dalaelva får redusert vassføring og blir delvis øydelagt på grunn av kraftutbygging.
Det er fantastisk at naturen har skapt slike elvar, og det blir ei spesiell oppleving å ”segle” ned elvestryka. Kanskje kan ein samanlikne det med å køyre ned utforløypa i Kvitfjell. Men den løypa har blitt laga til, her har naturen skapt alt frå start til mål-, seier Benjamin Hjort før han gjer seg klar for nok ein tur ned fossestryka i Steimsåsane.

Mark Basso og Benjamin Hjort øver til VM i elvepadling i Italia i juni. Forholda i Steimsåsane er eit mekka for sporten, hevda dei.
Mark Basso og Benjamin Hjort øver til VM i elvepadling i Italia i juni. Forholda i Steimsåsane er eit mekka for sporten, hevda dei.
Mark Basso på tur ned fossestryka.
Mark Basso på tur ned fossestryka.
Benjamin Hjort.
Benjamin Hjort.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →